fredag, juli 08, 2016

Dagbok 2016: 8.juli

Klokka er 19.00. Temperaturen er + 18 grader, og det har vore ein nydelig dag, lettskya og passe varmt. Akkurat no er eg rimeleg sveitt, for eg har vore ute og klipt skråninga med motorklippar og oppsamlar. Ja, Nils tok no langs åkeren etc. og så måtte han hjelpe med starten.(Dra i snora ! Somme gonger får eg det til, andre gonger ikkje)Trudde ikkje det skulle vere behov for meir plenklipping før helga, men plutselig voks graset med rekordfart. Elles er plenane våre ein katastrofe, men det får vi leve med.
Nils er i dårleg form om føremiddagane , men livnar til mot kveld. Det er ikkje så mykje vi kan gjere til og frå.
I morgon kjem Rasmus med familie, noko vi ser fram til. Dei er på Vesterland no, og overnattar der. I morgon skal dei stanse på Eid og helse på familien der, før dei kjem hit. For dei som ikkje veit kvar Vesterland er, kan eg opplyse at det er mellom Kaupanger og Sogndal. Der er visst eit slags "leikeland"-i alle fall brukar gutane å like seg der.
I dag har eg rydda i huset, som vanleg, og tatt fredagsvask. Så var vi nedover ein tur, sidan eg måtte hente brillene mine. No har eg fått ny innfatning, men har dei same glasa. Moroa kom på mellom 800-900kr. Men brillene i si heilheit er verd minst 5000 kr, fordi eg har spesialslipte glas. Dei var berre 3 år gamle, så dei held ei stund til.
Etterpå var vi ein tur på REMA 1000 og handla i dag, kjekt å variere mellom butikkane. Eg vart litt i villreie, for eg hadde gløymt hugselista heime - trudde eg. Eg hadde den eigentleg i jakkelomma.
Middagen i dag vart lettvint, berre restar frå i går, så det kan hende vi må ha noko godt til kvelds. Eg er plaga med altfor god appetitt, sikkert på grunn av mykje fysisk arbeid og mykje "uteliv" - men eg håper eg brukar kaloriar også, og at eg får musklar i armar og bein. Det er lov å håpe.
Nils ser sport på TV, der er ikkje stort anna på programmet; eg har ei viss interesse for fotball når det nærmar seg finalen, men å sitte og sjå på folk som spring etc. synest eg ikkje er så gøy. Eg har mange bøker på lager, men no har eg jammen rota meg borti ei ROSA bok igjen, den er heldigvis kort. Ønsker alle ei fin helg.

Ingen tvil om at naboen har finare plen enn vi!

3 kommentarer:

solveig sa...

Kvar sine problem. No har I-poden min hengt seg opp på lavaste lyd ... Må greie meg med det til eg kjem heim ... Om eg kjøper ny her, får eg ikkje innpå bøkene uansett ...

Besta sa...

Eg brukar å ga ein Walkman og ei bok med CD-plater i reserve når eg er på tur.

solveig sa...

Det hadde vore så enkelt som å ha lagt det inn på Øystein sin som var (og er) min reserve. Men dette problemet såg eg ikkje kome ...

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...