søndag, juli 03, 2016

Dagbok 2016: 3.juli

Storesysta fyller 53 år i dag. Gratulerer med dagen, Solveig!

Klokka er ca. 18.30, temperaturen er +13 grader C og akkurat no er det opplett ute, elles har det vore kraftige regnbyger i heile dag. Ikkje "utedag" for oss i alle fall.
Sidan vi vakna relativt tidleg, stod vi like godt opp.
Eg hadde planlagt eit par jobbar som eg skulle gjere, sidan det ikkje i noko tilfelle vart plenklipping på sundag, uansett vêr. I dag vart det kaker på menyen. Først laga eg ei gulrotkake, og så vart det fiskekaker av resten av fisken vi fekk, det vart ein stor porsjon, som vi enno ikkje har ete opp. Men det er ein av dei tinga Nils får i seg, så han et ei kake no og ei då.
Rasmus skreiv på chat i går at dei tenker seg oppover med det første. Dei kom heim frå Danmark sist natt, og så vil dei komme hit, slik at dei reiser når Nils får neste behandling, ergo blir dei med på det store treffet på Hareid, den 13.
Eg begynte så smått å førebu besøket i dag, det er eit spark bak å få besøk-då får ein kanskje rydda opp litt.
For det første er det dette med plass, særleg skapplass. Slik vi lever no, for det meste i tosamheit, har vi altfor mykje av alt, og mange ting som aldri er i bruk, derfor oppmodar eg dei unge å ta unna litt viss det er noko dei treng.
Så oppdaga eg at der var mange attgløymde kaker i frysaren, m.a. ei rabarbrakake som eg ikkje kan ha laga sjølv. Den må eg ha fått av Solveig? Pass på at du får att former, fat etc. Solveig, for eg er ikkje heilt å stole på.
Eg bytte på sengene våre i dag, men fekk ikkje vaska golvet, sidan det ikkje var råd å henge ut eit teppe. Det gjer eg fint i morgon.
Eg er litt oppteken av gras denne sommaren, det har gått mykje i plenslått. Men så har eg eit anna problem, og det er graset som veks der det ikkje skal, i dag er det fint og grønt gras midt i singelen-etter alt regnet trivst det godt, så no må eg til å hakke. Trur eg. Eg likar i grunnen best å jobbe ute.
I dag måtte vi ha ein liten middagslur, sidan vi var tidleg oppe. Seint i seng er vi alltid.
Eg gler meg til Rasmus kjem, for då skal han få oppdatere datamaskina mi (den nye) -eg har ikkje brydd meg så mykje om å få det gjort, sidan eg har venta på han. Men aller mest gler vi oss til å møte heile  Rasmus -familien som vi ikkje har sett på snart eit år. Skulle gjerne hatt dei litt nærmare no når vi ikkje lenger er så flakkføre.
I dag har Solveig bursdag, og neste veke skal vi feire både henne og dei andre "sommarbarna" våre.
Då kan det utrulege skje at heile storfamilien vert samla.
Hugsar så godt den dagen Solveig kom til verda, då overlege Wennevold m/fleire gjekk "visitten" spurde han kva jenta skulle heite, og eg sa at eg ville kalle opp att den fine sommaren vi hadde-derfor skulle ho heite Solveig. Og så hugsar eg at oversøster Aase kom inn på fødestua mens eg låg der. Ho hadde knabbe ei rose i sjukehushagen. "Her kommer jeg med sommerens første rose", sa ho. Enno har ikkje rosene våre sprotte ut i år, men det blir ikkje lenge før vi har ei "Leonardo da Vinci"-ei rose rose som trivst godt her hos oss.
Då vil vi gratulere Solveig med dagen -håper ho har hatt ein kjekk dag til tross for litt dårleg vêr.

1 kommentar:

solveig sa...

Tusen takk!
Det er litt rart å vere heime. Det må vere ei stund sidan sist. Men no pakkar vi koffertane!

Dagbok 2024: 17.april

                Dette var pynten på "Vernet" i fjor. Det kjem vel ein likeins i år. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er + 9 gr...