lørdag, juli 02, 2016

Dagbok 2016: 2.juli

Klokka er 20.30, temperaturen er + 13 grader C og akkurat no kom det ei voldsom regnbyge. Før middag var det opplett og fint.
I dag var vi ein tur til Vik og handla på Amfi, blant anna. Det er der apoteket er!
Eg skulle opp i Gågata og bestille frisør, så eg gjekk gjennom heile gata, tok bilde og prata med folk. Det skjer ganske mykje i Ørsta sentrum i år; fleire hus, mellom anna det gamle Mørebil-bygget, er jamna med jorda, likeins Heggum-huset og Prix på Ose. Lars Oscar Fossen får mykje av æra for at ørstingane har tatt tak for å pusse opp "byen" vår. To sider om han i Møre-Nytt i dag.
Eg tok som sagt mange bilde, men så får eg ikkje transportert bilda frå kamera inn på maskina. Minnebrikka har ikkje virka på veldig lenge, men eg har kopla til fotoapparatet med ledning- no virkar ikkje det heller. Derfor blir dette innlegget utan bilde.
Då vi kom heim tenkte vi det var best å få klipt skråninga mens det enno var relativt tørt. Eg ville helst slå med oppsamlar, men då må eg stoppe motoren kvar gong eg skal tømme, og så er det ikkje alltid eg greier å dra den i gong att. Derfor blei det bioklipp non stopp i dag også. Det gjekk heilt fint. Etterpå sat eg ei stund og prata med Margaritha før eg gjekk inn att og laga middag.Var ikkje før komen i hus, så begynte det å regne.
I dag vart det steikt sei, eg hadde nesten gløymt kor godt det var! Det er lenge sidan sist vi hadde det. Til dessert vart det jordbær frå eigen åker og så-middagslur. .
No er det snart fotballkamp, og då plar eg lese i lydboka mi, men no når EM nærmar seg slutt kjem eg kanskje til å sjå 2.omgangane.
Trur eg gløymde å skrive God helg! i går, men det er vel ikkje aldeles for seint ?

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 18.mars

  Klokka er no 16.23. Temperaturen ute er + 8 grader C. Det er skya og ikkje sol, men opplett. Denne dagen har eg ikkje utretta mykje, men d...