fredag, juli 29, 2016

Dagbok 2016: 29. juli. Olsok

Klokka har passert 19.30. Temperaturen ute er + 17 grader og eg føler det er kaldt. No kjem det litt regn, men det har vore opplett før i dag.
Elles er situasjonen om lag som vanleg. Vi har nyss ete middag som i dag bestod av ein liten kjøpepizza.
Eg har for så vidt hatt ein aktiv dag i dag. Først vaska eg, så støvsuga eg og etter ein liten pause fekk vi klipt heile skråninga. Det var mykje gras og vått gras, så det var ganske tungt både for meg og klipparen. Nils var med ut, sidan eg sjeldan får til å starte opp motorklipparen. Plenen er relativt skamklipt, men det var nesten 14 dagar sidan siste klipp, så graset hadde vakse ganske godt. Eg føler meg letta fordi det er gjort, men eg må ta ein liten finpuss seinare. Vi skal fjerne nota frå jordbæråkeren, for no blir der ikkje så mykje meir bær der.
Etter alt arbeidet passa det bra med dusj og hårvask.
Planar har vi lite av, men berre det er utevêr og eg får halde på med noko , så er det heilt greitt for meg. Hadde håpa på nokre betre dagar for Nils, men det lyt gå sin gang. Heldigvis er han bra på ettermiddag- og kveldstid.
I dag såg eg Mariann på Dagsnytt 18.00, men eg synest ikkje det kjem så mykje ut av diskusjonane dei har der. På NRK 1 viser dei "rulleskikonkurranse". Av alle tåpelege idrettar, må det vere det dummaste av alt.
Mange klagar på at vi må betale kringkastingsavgift. Eg plar seie at eg betaler med glede for å ha ein reklamefri kanal, men no er eg ikkje så sikker på det lenger. I sommar har det stort sett vore reprise-program og dårlege nye program. Og dei andre kanalane er ikkje stort betre. Det er trass alt somme som ikkje kan velje så mange andre aktivitetar sjølv om det er sommar og tusen festivalar.
Det 6.august er det for øvrig "Saudehornet rett opp"-på tid, her i Ørsta. Vi er midt inne i Naturfestivalen, som er blitt utvida frå ei til to veker. Ja, det er nok å ta seg til.
Eg har berre ei bok att på lageret mitt, og den er ikkje så fristande. Trur biblioteket held stengt på laurdagar enda ei stund. Men eg har papirbøker.
Einar ringde frå Dombås i dag, på veg heim, og etter kvart må vel alle finne fram til heimstaden-eller eventuelt studiebyen. Ein sommar går fort!
Ønsker alle ei god helg ! Sjølv skulle eg gjerne hatt litt sol og varme akkurat no.

Ingen kommentarer: