tirsdag, juli 26, 2016

Dagbok 2016: 26.juli.

Klokka er 21.00 og dei siste gjestane har nettopp reist. Vi fekk relativt mykje besøk i dag. Først fekk vi telefon frå Vallahornet om at Margrete og Ingeborg var der, og ville komme innom på heimvegen. Så fekk vi melding frå Bodil og Svein om at dei var i Ørsta og ville komme oppom. (Bodil hadde sendt melding på FB -men den hadde eg ikkje sett). Det var kjekt å treffe alle, og Bodil hadde med seg nydelig rosebukett i høve morgondagen. Serveringa var ikkje mykje å skryte av, men det virka ikkje som om folk var så interessert i mat. Eg hadde no både brød og pålegg i bakhand Vi hadde som vanleg mykje å prate om så tida gjekk fort.
Nils har vore betre dei to siste dagane, så no ser det ut til at vi kan vere litt meir sosiale fram mot 11.august.
No regnar det ute, men det er mildt og godt, så vi føler på at det er sommar uansett. Temperaturen er + 17 grader C.
Før middag var vi nedover og handla på Amfi, det var litt av kvart vi trong både av mat og medisin. Nils fekk brått lyst på Taco no i helga,  då hadde eg ikkje kjøttdeig på lager, men i dag vart det Taco, og skikkeleg middag på mange dagar. Etter middag måtte vi rett og slett kvile litt. Det hadde vore opplett lenge og eg dreiv og forhandla med Nils om plenklipping med bensinmotorklipparen. Akkurat då begynte det å regne! Og ei lita stund etterpå fekk vi melding frå Ingeborg. Så klipping vart det i alle fall ikkje. Men graset veks! Vi hadde ein veldig hyggelig dag i dag, og det veit vi å sette pris på.
Takk til alle som kom innom!

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 28.mars. I dag fyller eg 84 år.

Klokka err no17.03, temperaturen ute er+ 10 grader, det er lettskya og fint  I dag har eg fått mange gratulasjonar på nettet -og elles. Eg s...