fredag, juli 15, 2016

Dagbok 2016: 15.juli


Bedet oppe ved garasjen er stort sett det einaste bedet vi har no, og i år har også det passa seg sjølv. Eg hadde på hønsegjødsel og kugjødselkompost i vår, det er alt. Dei rosa Leonardo da Vinci-rosene har stått i knopp uendelig lenge utan å sprette skikkelig ut. Og så har der blitt ganske mykje liljer i bedet, noko som ikkje var planlagt, men som berre vart slik fordi eg planta ut liljer eg fekk i potte.Men skitt au, blomster er no fint uansett.

Klokka er 19.15, temperaturen er +17 grader C; det kom ei lita regnbyge for ei stund sidan, elles har det tidvis vore fint i dag. Og god klestørk !
Eg har hatt ein aktiv dag i dag. Begynte å vaske klede i går, hengde opp noko, resten fekk vente til i dag. Mykje er alt tørt og ligg klart for bretting og ev. stryking. Stryking er fint og stilt søndagsarbeid, så det kan ligge til då. Eg har enda meir som skal hengast ut-men så har ein jo desse velsigna maskinene som gjer både vaskinga og tørkinga lettvint-om ein vil. Sjølv likar eg å henge ut tøyet når det er vêr til det.
I dag måtte eg fram med den store og robuste støvsugaren for å gi teppegolva ein omgang. Det er slikt eg vanlegvis gjer ein gong for veka, og det har ikkje blitt meir fordi om vi var fleire.
Nils låg det meste av føremiddagen, han er i dårleg form den første tida etter behandlinga, og denne gongen kom reaksjonen fortare enn vanleg. Så det var kanskje like godt at gjestane var reist då vi kom heim i går. Ein kan ikkje bytte dag, for stoffet han får intravenøst kjem med fly på visse dagar og då må ein vere der.
Då eg var ferdig med støvsuginga kom han seg til såpass vi fekk ein tur på Amfi. Han måtte nemleg på apoteket og hente heim diverse medisinar etc. Eg hadde berre noko lite eg skulle kjøpe.
Eg skulle ha noko reingjeringsmiddel på Clas, men hugsa ikkje kva det heitte. Eg kjøpte noko flytande såpe som eg tykte eg hadde høyrt namnet på, og den testa eg på komfyren. Ein drope med ublanda såpe gjorde meir underverk enn t.d. skurepulver.
Då vi kom heim laga eg fiskesuppe etter "ordre" frå gemalen. Sidan han har dårleg appetitt må han bestemme menyen. Det vart ei fyldig og god suppe, ikkje direkte mager, nei! Det er lettare for han å få i seg suppe enn diverse anna mat.Men eg er redd det er eg som legg på meg og ikkje han.
Eg måtte ta inn nokre klede og henge ut nokre andre før eg tok pause, men DÅ var eg så låk i ryggen at eg la meg strak ut og somna med Knausgård. Eg held på med "Om sommeren"-og boka er rett og slett litt søvndyssande.
Etter ein kaffikopp fekk eg att energien og vaska rundt på kjøkkenet, så no er vekeprogrammet mitt fullført. Dvs. det kan hende eg må klippe litt plen i morgon om det blir vêr til det. Men det er no berre kjekt.
Rasmus og fam var framme på Kongsberg i 23-tida i går kveld.

Dette vart mykje prat om nesten ingen ting, men eg kan i alle fall ønske alle ei god helg.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg synest du har fått mykje utav dagen! Det vaskemiddelet må du drive litt bildereklame for...

Besta sa...

Det skal eg gjere, men må teste det ut først, og så må eg høyre med Rasmus om det er det som han anbefalte.