søndag, mars 06, 2016
Dagbok 2016: 6.mars
Klokka er 19.00, temperaturen ute er 0 grader C, tidlegare i dag var den oppe i + 9 grader. Det var overskya før middag, men utover dagen skein det opp og vi fekk ei stund med sol. Bilda er tatt klokka 17.30.
Det har vore bra vêr heile dagen og Nils gjekk ein tur opp til Raudehytta. Eg hatar å ha halvgjort arbeid ståande på vent. Eg vart ikkje heilt ferdig å vaske ned datarommet i går, så eg var så syndig at eg tok resten i dag. Det er ikkje så mykje arbeid å vaske vegger etc. - problemet er at rommet er lite og der er tungt og vanskeleg å få fram "møblane"- men eg greidde det, og kan no glede meg over eit reint og ryddig arbeidsrom.(Sjølv om eg kjenner det både i rygg og hofte.)
Eg steikte kjøtt i terningar og laga ei "gryte" til middag. Det var godt å legge seg på sofaen etterpå. Eg driv og les ei bok som eg likar ganske godt, den er liksom langsom og grundig, så eg slepp å dette av lasset heile tida; dessutan er den godt skriven. Etter kvart begynte den å minne om ei anna bok eg har lese, "Den siste gode mann"- og ja, det er same forfattarane.
Elles har eg som mål å felle av ein lest kvar dag, og det kan eg hende eg kjem i mål i dag også.Eg skal strikke lestar så lenge garnlageret varer, då blir det slutt-trur eg.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2025: 12.desember
Blir det grøn jul i år? Temperaturen ute er +9 graderC og det regnar. Ja, det er ikkje meg imot, sjølv om det er no finare med kvit jul.me...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar