torsdag, juli 02, 2015

Dagbok 2015: 2.juli.






Klokka er 18.30, og sola har kome fram att etter ein liten pause. Temperaturen er mellom 29-30 grader. Max temp i dag var 32 grader. Varmt med andre ord. Og kva med slik varme når garasjen heng full av fisk som skal fileterast? Ja, det var ikkje mitt problem, og han som tok ansvar såg det ikkje som problem i det heile tatt. Han sette berre i gang. Eg hadde som plan å støvsuge, men slo det frå meg etter at eg hadde hatt ei overhaling på potteplantar og tilhøyrande potter. Så eg bar støvsugaren på plass igjen. Reknar med at støvet ikkje fer sin veg.
Eg ringde til Harald og spurde om han ville ha fisk, og det ville han. Han fekk Eirik sin "lut" ettersom Eirik får middag hos besteforeldra både titt og ofte. Ruth var med så det vart ei lita pratestund på tunet. Etterpå hjelpte eg til med å få fisken vår i plastposar til frysing.
Det var faktisk så varmt at vi ikkje orka å sitte ute i sola, og då Nils ymta frampå om at han skulle ha vaska båten, var eg klar til å vere med på Rjåneset. Der var det ein frisk bris, og langt frå så kvelande som her inne.
Det første eg såg då vi kom dit ut var ein skinande blå Pontiac- eg må jo alltid ta bilde når eg "finn" bilar av relativt ukjent merke, sidan eg er hekta på bil-logoar.

Mens Nils vaska båten gjekk eg tur på stigane rundt omkring, og i dag var det fantastisk å sjå alle dei fine vegkantblomstrane, tiriltunge, storkenebb, kløver osb. I hagane langs vegen utover bugnar det av ein viss type gyvel, og desse har spreidd seg i naturen også. Om denne er planta eller ikkje, veit eg ikkje, men flott var den.
Det er sett ut mange benkar langs vegen, nokre av tre, andre er laga på VIK, Ørsta, fabrikken som før heitte Stålindustri. Denne vegen/stigen er tilpassa rullestolbrukarar og andre som er litt "skrøpelege"
Blomster og steiner noko av det finaste eg veit.Her er det tiriltunge i full blomstring.
Revebjelle, eller Digitalis, er giftig, men vakker. Eg hadde planta ei i hagen men tok den vekk då det flytta barn inn i nabohuset.


Himmelen over Ørsta sentrum var meir skyfri enn den på Rjåneset.


Då vi kom heim la eg meg på altanen for å slappe av med lydbok, men kva skjedde då?
Det begynte å regne såpass at eg gikk inn att. Då kom sola fram igjen.




Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 5.mai

Klokka er no 18.13, temperaturen ute r + 13 grader C. Det har vore sol og fint i heile dag, men ikkje så varmt som i går. Eg vakna tidleg i ...