fredag, juni 05, 2015

Dagbok 2015: 5.juni

Klokka er 17.30 og temperaturen er sjokkerande -  +17 grader C !
Det har vore fint lettskya vêr med sol innimellom.
Ja, slik går det når ein utstyrer seg med gode, varme klede og kler ekstra godt på seg når ein skal på "fest".
I dag var det nemlig stor fest på Velle skule. Alle pensjonistane som er i bygda var invitert til å feire 150-årsjubileum i lag med elevar, lærarar, ordførar m.m.
Det skulle begynne så tidleg som klokka 10, så eg måtte ha på vekkarklokka for at eg skulle få tid til å dusje og vaske håret m.m. før festen. Vi heldt til i den nye, store festsalen i første etasje, den hadde eg ikkje sette før. Det var talar og allsong, dramatiseringar både med lærarar og elevar, og det var heilt imponerande kva dei hadde fått til. Som gammal lærar veit eg kor mykje arbeid som ligg bak. Elevane var utruleg flinke, og oppførte seg fint til tross for mange og til dels lange talar.
Noverande rektor ønskte alle velkomne og heldt opningstalen. Alle eks-rektorane som var der fekk kome fram på scenen og seie nokre ord, og Ellen Johansen, som sjølv har gått på Velle skule som barn, og seinare jobba der i mange år, vart intervjua av ein noverande elev. Kan nemne at Ellen no er 90 år.
Ein lærar sem eg ikkje kjenner og ein elev var programleiarar. Eleven heiter Tora og er dotter til ein av mine tidlegare elevar, Heidrun.
Same Tora song også solo, med Eirik Stave ved pianoet. Somme hugsar kanskje den vesle guten (10) som dirigerte KORK ? Han er vel den einaste eleven eg kjenner på Velle, han har vore på pensjonistlagsmøta og spela der. Han spelte også til allsongen.( Han har vikariert som organist i Ørsta kyrkje også-han er heilt utruleg).
Der var også laga til ei stor utstilling på "datarommet" -mange gamle bilde, skulesaker og skulebøker etc. frå "gamle dagar" blant anna.
Ja, ein får berre takke og bukke for at ein får oppleve ein slik dag!
Der var sjølvsagt lagt inn pause, då fekk vi nydelige smørbrød og kaker. Litt rart å berre sitte der og late seg varte opp- då går tankane tilbake til alle arrangementa ein har vore med på i yrkesaktiv alder. Vi fekk også ei heil "avis" som elevane hadde laga, der dei mellom anna hadde intervjua noverande  og tidlegare lærarar blant anna.

Nils hadde vore ute og fiska mens eg var vekke, han hadde fått ein stor lysing, eller kolkjeft som dei seier her. Den er god å steike, men i dag må vi ete fiskekakene vi hadde tatt opp til i går. Vi har ikkje laga middag enno. Eg har sove middag på solsenga etter at eg kom heim.
Sidan det er fredag vil eg ønske alle ei god helg. Det er meldt fint vêr i morgon.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 24.april

                           Eg gjekk ein runde på Vernet før eg for på møte. Klokka er no 18.04, temperaturen ute er + 7 grader, sola skin no...