lørdag, november 01, 2014

Dagbok 2014: 1.november


Klokka er ca 18.00, det har vore mørkt ute lenge, grått og regnfullt heile dagen. Temperaturen før middag var +18 grader, no er den 11,5 grader C. Kan ikkje klage på det.
I vått vêr, særleg, blir eg plaga med smerter i føtene, så i dag har eg ikkje vore god. Det var venstre ankelen som slo seg heilt vrang. Men eg må ha vore plaga med det same før, for i skapet mitt fann eg ein "støttebandasje" eller kva eg skal kalle det, som eg drog på meg. Det hjelpte litt, men då eg etter middag la meg på sofaen med tjukke varme teppe, knevarmarar  og lydbok på øyret, var det den beste medisinen. Så dette vart ein gørlat dag.
Eg fann ut at eg skulle lage sagopudding i dag, så det gjorde eg, før vi tk ein liten tur nedover. Måtte inn på biblio ein liten tur i dag også, og så var vi innom Amfi for å treffe litt folk. Der var mange ute i samme ærend.
Til middag i dag åt vi røykelaks med poteter, sennepssaus og flatbrød. Litt spesielt, men godt. Men så tømte vi heile skåla med sagopudding til dessert. Og etter det vart det ikkje gjort noko.
Mykje å sjå på TV i dag også, og vi har enno ikkje sett Idol frå i går, men eg veit kven som rauk ut.
Neste veke blir det meir å gjere, med pensjonistmøte onsdag, skriving torsdag, gravferd fredag osb. Og så blir det vel litt husarbeid også etter kvart.
Det er veldig uvant med dette mørke, våte veret, men det tek vel ein ende.Vi har sola lenge enno, om den får kome fram.
Bildet er henta frå Lions-kalenderen frå Eid. Bildet er frå 1949. Der hesjane på prestegarden stod, står det eit nytt opera-/kulturhus.Det store kvite bygget vi ser bak kyrkja er skulen der eg gjekk frå eg var 7-18 år. Skulen brann ned til grunnen, men det var mykje seinare. Sjukehuset er nettopp blitt påbygt. I prestemarka er det berre eitt hus. Det er huset til fru Løvoll, enka etter presten Løvoll som døde siste krigsvinteren.

Ingen kommentarer:

Dagbok 2024: 13.mai

Det var eigentleg ikkje dette bilde eg skulle ha i dag, det liknar veldig på det eg hadde i går,men litt har det skjedd. Eg har til dømes kl...