fredag, november 21, 2014
Bok nr.73 -2014: Amandas gåte
Amanda Martín er en selvstendig, lynskarp, men også egenrådig og sta tenåring. Hun vokser opp i San Francisco, de frisinnede og annerledestenkendes hovedstad. Her driver moren Indiana en populær aromaterapi- og reiki-klinikk. Selv om mor og datter er ulike som natt og dag, er båndet mellom dem uslitelig.
Amandas far, førstebetjent Bob Martín, leder etterforskningen av flere morbide drap som har funnet sted i byen. På fritiden begynner Amanda selv å undersøke sakene, med hjelp fra sin elskede morfar og internettvenner fra hele verden. Da Indiana forsvinner sporløst, blir Amandas hobby med ett blodig alvor. Nå hviler det på hennes unge skuldre å redde morens liv.
..........................................................................................................
Eg brukar å like bøkene til Isabel Allende svært godt, men denne fall ikkje i smak hos meg. Eg har "falle ut" gong etter gong, spola tilbake og høyrt om att ørten gongar. Og det enda eg faktisk laga meg ei rolleliste etter å ha lese litt.
Det er ein slags krimroman, men ho sausar i hop så mykje, at ein til slutt knapt forstår kva ho vil med boka. Kva er bodskapen, liksom? Og så er her tusen digresjonar, noko eg heller ikkje er begeistra for.
Å begynne å forklare tekniske ting, midt i ein "spennande" situasjon- då er det bra amatørmessig. Kika så vidt innom nettet, ein anmeldar (truleg frå forlaget) hadde gitt boka terningkast 5, ein annan hadde gitt den 3.
No vil eg ikkje seie at boka er utan kvalitetar, men etter mi meining burde ho ha kutta ut mykje og bestemt seg for kva for ei historie ho ville satse på.Her er for mange ballar i lufta.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar