Klokka er 17.30, temperaturen er +12 grader C, og vêret er lettskya og fint.Som vanlig har det blitt betre og betre utover dagen.
Før middag reinska eg resten av epla eg fekk, og laga ei stor eplekake til frysaren. Kjekt å ha på lur.
Etterpå laga eg Taco til ein tidlig middag. Vi hadde planlagt å gå tur på Eika i dag, men måtte slappe av litt først.
Eg utstyrte meg med speilrefleks for å ta fine bilde på øya, der vi knapt har vore før, vi køyrer som regel under. Det gjorde vi i dag også, men parkerte bilen nær brua og begynte å gå oppover. Det var litt brattare somme stader enn det som er sunt for meg, men eg tok sjansen. Vi kom til toppen på øya der vi fekk skrive oss inn i ei bok. Vi kom i prat med nokre andre som også var ute på tur, blant anna eit par frå Fosnavåg.Frå toppen av åsen kunne ein gå ned til sjøen på sørsida av øya, der det er mange som har hytte; men det var bratt ned, så eg rekna med det vart tilsvarande bratt opp att.
Fotograferinga som eg hadde sett fram til, vart ein gedigen nedtur. Batteriet i kamera var flatt - nemlig.(Det er ikkje første gongen det skjer). Eg greip til mobiltelefonen - men bilda eg fekk av den var ekstremt dårlige. Eg må undersøke om eg gjer noko gale-eller om den verkelig er SÅ ille, då trur eg at eg klagar på den.
Men eg legg no inn nokre bilde uansett, slik at de kan få sjå litt av Eika.Vi hadde ein fin og frisk tur, spenninga er korleis eg føler meg i morgon, eg som eigentlig ikkje skal gå i motbakkar.
Det gamle skulehuset.
Midt inne på øya.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...



1 kommentar:
Det er fint, med bratte parti på Eika!
Legg inn en kommentar