Klokka er 18.10, temperaturen er + 14 grader C og det regnar. Då vi sat og drakk kaffi for ei stund sidan, påstod eg at det hagla, men Nils nekta. Uansett var det som om himmelen ramla ned. Eg likar godt at det regnar mykje når det først skal kome nedbør, men at det sluttar igjen etter ei relativt kort tid.
No har Nils funne seg ein fotballkamp, så eg får kanskje lese i lydboka mi.
Før middag var han først ein tur til Vik og ordna opp i diverse, mens eg vaska til helga; støvsuginga tek eg i morgon før eg skal til Volda på smerteklinikken. Eg er ikkje bra i hofta, så eg håper eg får hjelp denne gongen også. Det er nesten to år sidan sist eg fekk sprøyte, så eg trudde eg var blitt bra!
Eg måtte også nedover i dag, hadde diverse ærend. Skulle hente ein pakke på posten, få nytt batteri til klokka mi, innom apoteket etc.etc. Går ikkje på biblio no, sidan eg driv og les om att boka til Kim Leine. Og den er lang.
Då vi kom heim att frå Vik laga vi oss skikkelig middag: sei og grønsaker i form. Sjølv om eg "steikte" forma litt for lenge og fisken vart litt tørr, åt vi opp kvar smitt og smule.Og godt var det. Etterpå vart det ein laaaaang middagslur. Ein dett litt i hop etter så mykje sommar og finevêr, men håper sommaren dukkar opp att snart.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Akkurat no; klokka er 19.57, temperaturen på trappa er + 13graderC og det regnar litt, ikkje så sommarleg akkurat. Når eg tenkjer på alle d...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
1 kommentar:
Og eg er glad det ikkje var natt til i dag vi låg på fjellet!
Legg inn en kommentar