mandag, mai 12, 2014
Dagbok 2014: 12.mai
Klokka er 20.30, temperaturen ute er + 12 grader C. Det har vore ein lettskya og fin dag, som gikk så altfor fort. No blomstrar epletreet, og det er noko av det vakraste eg veit.
Nils gikk ein tur før middag, han var heilt opp i Skåla.
Eg brukte mykje av føremiddagen til å lage mat. I dag laga eg ball. Det er ikkje så mykje arbeid, men det er mange ulike ting som skal kokast og steikast, så det blir noko rot. Eg var også ute og reinska litt ugras, hengde opp klede m.m.
Margrete kom nærmare kl. 15.30, og vi åt oss stappmette. Eg har ikkje kome heilt i form enno. Då Margrete hadde fare, la vi oss ut på altanen, og eg somna tvert i sola.
No driv eg og les siste resten av boka " Når gjøken galer".
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.juli
Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
2 kommentarer:
Nydelege epleblomster!
Enig i at epleblomsten er fin. Heime på garden der eg vaks opp, hadde vi ein stor eplehage med gamle, høge epletre (høynesepler, runnepler)som blomstra så vakkert om våren. Trea var så høge at vi måtte i lange stigar for å få plukka alt. No til dags blir frukttrea klypte kvart år og ein når det meste frå bakken. http://www.starheimsbygda.no/bygdehistoria/151-frukt-baer.
Eidabesta
Legg inn en kommentar