lørdag, mars 01, 2014

Dagbok 2014: 1.mars

Klokka er 16.15, temperaturen er + 9 grader C, det er overskya og opphaldsvêr.
Det var sol ei lita stund på føremiddagen, men den er borte no.
Vi var ein tur til Vik før middag, men var der ikkje så lenge; sidan vi hadde handla i går ettermiddag, var det ikkje mykje vi skulle ha. Var innom biblio også, men det vart ikkje fangst i dag. Bøkene eg hadde "bestilt" var ikkje klar. Får finne meg noko å lese på senga; så lenge eg er oppe, har eg papirbok.
Nils laga middag i dag. Han kokte lange som han hadde salta på i går kveld og den var nydelig!
No skal vi snart ut og gå ein tur før kvelden sig på. Ser på FB at mange såg og høyrde på Frank Aarebrot i går. Sjølv valde vi gullrekka, men det blir sikkert høve til å sjå historieprogrammet seinare. 200 års historie på 200 minutt høyrdest litt krevjande ut ein fredagskveld. No angrar eg sjølvsagt.
Historisk er også kalenderbildet for mars på Lions-kalenderen i år. Bildet er  frå 1982, og bakgrunnen er Velle gamle skule som brann ned i 1985. Fleie av elevane frå denne klassen er eg "venn" med på Facebook, andre ser eg sånn innimellom. I 1982 var eg 42 år, og vesten eg hadde på meg hadde Solveig vove på handarbeid. Det var den tida vi gikk rundt og var " husflidsindianarar". Jenta nr 2 frå venstre i rutete bukse bur forresten på Sørumsand, ikkje  langt frå JP.

1 kommentar:

solveig sa...

Artig å sjå att både sveisar og genserar. Eg hugsar godt grindvevprosjektet. Vi lærte utruleg mykje på handarbeid den tida. Eg hugsar ikkje om det var valfag.
Vi heller såg ikkje programmet, men tok det opp. Det kjem nok i reprise, og så ligg det på nett.

Dagbok 2024: 6.mai

Klokka er no 17.24, og eg har avslutta dagens arbeid, trur eg. Eg veit ikkje kor lang arbeidsdag ein kan rekne med når ein er 84 . Temperatu...