Klokka er 19.00. Temperaturen er + 8 grader og sola har gått ned her hos oss. Det har vore ein nydelig dag , men det er ikkje lenger sommar.
Rett etter frokost sette eg meg ved datamaskina for å skrive referat frå møtet i går. Eg hadde notert side opp og side ned, men kunne ikkje ta med alt. Så det å velje ut kva ein skal ta med er ein stor del av arbeidet. Etter ca. halvannan time var eg i mål med ein råkladd. No står det att å rette og rette opp feila. Trur ikkje manuskriptet kjem til å få Nobel-prisen i litteratur akkurat.
Men no SER eg i alle fall godt. Vi var nedover ein tur og henta dei nye brillene mine, var ikkje klar over kor dårlige dei gamle var, før eg prøvde dei nye. Dei gamle var heilt tåkelagde på midten.
Sidan vi hadde parkert nær Europris var vi innom der og handla litt.
Så var apoteket neste stopp. Eg skulle ha nokre tablettar som er på resept. Sidan vi no har elektroniske reseptar, måtte eg spørje om eg hadde meir til gode. Då fekk eg eit kort med ei internettadresse der eg kan logge meg inn og sjekke reseptane mine. Nettstaden heiter : www.mineresepter.no . Prøvde å finne fram, men har ikkje heilt fått det til enno. Mat kjøpte vi ikkje i dag.
Då vi kom heim gikk vi ei runde rundt på Vallabøen,( kan nesten ikkje kalle det trim), før vi åt opp siste rest av fårikålen frå sist laurdag. No har eg fått nok for i år!
Etter at vi hadde ete, kvilt og drukke kaffi, var vi ute i hagen og demonterte sukkerertene. Nils skal sikre seg så-erter til neste vår.
Og så vaska eg eit par golv, slik at eg berre har støvsuginga att til i morgon.
Ja, slik går nu dagan her i pensjo-heimen. No skal Nils sjå ein fotballkamp, mens eg gjer ferdig manus og sender det+ bilda til avisa.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar