Klokka har passert 19.30. Dagen har vore fin, med lettskya vêr og ein del sol. Akkurat no er temperaturen + 12 grader C.
Fekk ikkje gjort mykje før middag i dag. Var elendig i ryggen, kanskje på grunn av bilturen i går. Det vart mykje sitting. Eg har tatt nokre tablettar iløpet av dagen og er bra no.
Strauk litt klede og rydda litt, det var alt eg fekk gjort. Frå kl.12.00-13.30 ca var det ekstraordinært styremøte i pensjonistlaget i lag med leiaren i Eldrerådet.
Så var eg heime ei stund, før eg skulle til frisør klokka 15.00. Det var på høg tid, det var rett før eg hadde forvandla meg til ei langhåra blondine. Då ho spurde korleis eg ville ha håret denne gongen, sa eg at eg no ville ha "burugle-sveis" - med tanke på dei nye brillene som eg snart får. Håret vart litt mørkare enn eg hadde tenkt, men det går vel over.
Då eg var heime att, måtte eg ta ein telefon til ei veninne før eg laga middag. I dag vart det fiskebollar i kvit saus. Det smakte godt, og eg er i grunnen altfor mett til å sitte her og skrive. Men eg har ein jobb til som må gjerast før det blir kveld, og det er å skrive eit lite innlegg til avisa om pensjonistmøtet komande onsdag.
Har ikkje tatt eit einaste bilde i dag, men det kan kanskje vere like greitt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar