onsdag, september 11, 2013

Dagbok 2013: 11.september

Klokka er ca 19.30. Temperaturen er + 15 grader, det er lettskya og litt sol. Tidlegare i dag var det ein del skodde, det regna sist natt, men då eg stod opp i dag skein sola. Ikkje så verst det.
Etter at eg hadde gjort litt husarbeid, tok vi ein tur til Volda for å kjøpe kjøtt hos Jakobsen, det er noko vi gjer av og til.Men gløymde å ta med boka eg skulle levere på biblioteket der borte, så den får eg levere her i staden. 
Var innom Amfi også og handla litt, før vi for heim og laga middag. I dag koka Nils salta lange. Etter ein  pause gikk vi ut i hagen og plukka plommer. Vi har innsett at vi ikkje klarer å ete opp alt, så i dag koka vi sylte av 6,5 kilo. Til så mykje plommer brukte eg berre 500 gram fruktsukker, då kan Nils ete sylta også. Plommene er veldig søte i seg sjølv, så det trengs ikkje så mykje ekstra søtt. Elles så pratar vi med naboane og kosar oss i det fine haustvêret. No vurderer eg å gå ein liten tur.

Ingen kommentarer:

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...