Klokka er snart 21, temperaturen er +12 grader C og sola skin på andre sida av fjorden.
Eg var sikker på at eg skulle vakne til sol frå klår himmel i dag, men så vel var det ikkje. Klokka var fem på ettermiddagen før sola var skikkelig framme. Men det har vore heilt greitt vêr i og med at det har vore opplett.
Nils har lova Sondre, ein nabogut, at han skulle få vere med ut og fiske makrell, og i dag tidlig for dei av garde. Dei kom heim med rikelig makrell pluss ein del småsei. Dei av naboane som melde seg, fekk vere med å dele fangsten. Makrell er ikkje noko ein vil ha for mykje av.
Mens mannfolka var ute og fiska, fekk "mor" vaska og støvsuga heile leilegheita. Så åt vi restar frå i går, før vi tok ein pause på sofaen.
Litt hagearbeid vart det seinare, klipping av plenane på oppsida av huset og reinsking av blomsterbed.
Eg la meg ut på altanen og sola meg så lenge der var sol, og så gikk eg ein tur rundt i nabolaget med bok på øyret. Og enda ein dag har gått over i historia.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar