Klokka har passert 19.00 med god margin, ute er det skodde og regn og temperaturen er + 14 grader C. Eg er glad for at eg var ute i heile går, for eg er som katten, eg gruar meg for å gå ut i regnet.
Det vart altså ein innedag for meg, men eg finn alltid på noko som må gjerast. I dag rydda og vaska eg kjøleskapet, baka rundstykke, vaska fryseskapet og sette det i gang igjen osb. Middagen var veldig lettvint, det vart resten av fiskegratengen som eg laga for nokre dagar sidan. Vi hadde ikkje poteter til, berre grønsaker, sidan den inneheldt mykje makaroni.
Etter middag la eg meg på sofaen for å høyre på ei lydbok som eg ikkje finn så veldig interessant, så det gikk som det måtte gå.
Nils finn seg alltid fotballkampar på TV og sidan det ikkje interesserer meg, brukar eg tida til å lese. Det var bra at vi fekk klipt plenane i går, men dessverre gløymde vi dei to små bøtene opp mot vegen.
Margrete og gjengen kom att frå Tyrkia i går kveld og eg chatta litt med Margrete då. Rasmus kom heim i dag, han reiste frå Rygge og kom att der, no er dei heime i Kongsberg. Kjekt at alle kjem vel heim, men litt trist at sommaren og ferien snart er slutt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
No er det vel berre eit par stdentar som skal på plass før dagleglivet tek til!
Legg inn en kommentar