Klokka er 19.00. Temperaturen er + 16 grader C, det er overskya, men så langt har det vore opplett. No kjem det noko grått smygande langs fjella, om det er regn eller berre skodde står att å sjå. Hadde håpa på litt sol i dag, men det fekk vi ikkje.
Det har vore godt arbeidsvêr. Før middag var det for vått ute, så då dreiv eg og rydda litt skuffer og skap, eit arbeid som alltid ligg på lur. Etter at vi hadde ete middag og slappa av litt, var vi ute i hagen og jobba. Nils klipte plen, mens eg reinska blomsterbed og brukte den nye kantklipparen. Ja, eg tok nokre lengder med plenklipparen også, for å prøve korleis det virka.Har ikkje klipt plen sidan vi vart motorisert, den gamle handklipparen brukte er nokså flittig.
Den himmelblå riddarsporen, som eg er så glad i, fekk ei sørgelig endeligt i år, den blei slått til jorda av ei kraftig regnbyge. Den som er litt mørkare i fargen, står på ein betre plass og greier seg betre. Fin den også ? Som eg har sagt tusen gonger før: Eg er så glad i blå blomster ! Og eg har mange av dei, men ingen ting er som det skal vere denne sommaren. Det var sein sommar i fjor også, etter å ha konsultert bloggen min, ligg vi minst 14 dagar etter i år, men neste veke har yr lova oss sommar.
Det rosa klatrerosa"New Dawn" er ein av dei eldste plantane vi har, og den sviktar aldri. Den blomstrar heile sommaren og har eit blankt og fint bladverk.
Då eg kom inn at var eg skiten og fæl, så det vart rett i dusjen. No føler eg at eg kan kan ta helg.
I dag skulle vi eigentlig ha vore på Eid og høyrt på bandet "Lommerosk", men Nils er ikkje bra av hosten enno, så vi heldt oss i ro.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
4 kommentarer:
Ja, endeleg fekk vi fint arbeidsver. Olaug og eg dilla vekk halve dagen på bytur. Riddersporane mine har ikkje sprotte ut enno.
Eg skal flytte dei himmelblå! Riddarsporar er lette å dele, så kanskje vi kan bytte nokre røter?
Det gjer vi! Kanskje lurt å vente til seinare på sommaren.
Må i alle høve vente til dei har blomstra av. Den himmelblå har eg fått av Hjørdis, den "kongeblå" har eg kjøpt.
Legg inn en kommentar