torsdag, juni 06, 2013

Dagbok 2013: 6.juni

Klokka er snart 18.00, temperaturen er + 10 grader og det regnar! Det var litt uventa, for å seie det slik, eg hadde ei formeining om at vêret skulle bli finast etter middag. No føler eg medg litt bortkomen fordi eg ikkje hadde laga meg ein plan B. Plan A var sjølvsagt å halde fram med hagearbeid og andre uteaktivitetar.
Nils reiste på sjøen klokka sju i dag, men kom heim før klokka 10, då var det begynt å komme vind og fisken beit ikkje så godt heller. Fangsten var ikkje stor, men vi hadde kokt småsei i dag, og så har vi lyr til å steike ein annan dag.
Mens han var vekke fekk eg tatt fredagsvasken etc. Laga tidlig middag, slik at vi skulle ha ein lang, fin ettermiddag. Det som eigentlig skjedde var at vi somna, og hadde problemer med å vakne igjen.Og då pøsregna det.
Eg har eigentlig mykje som skulle ha vore gjort, men manglar guts til å gjere det.
I dag fyller barnebarnet Olaug 16 år. Eg hugsar godt den dagen ho vart fødd. Det var nydelig og varmt vêr og alle elevar og lærarar på Velle skule var på tur rundt Dalsvatnet( Bjørdalsvatnet)-det vart rimelig varmt etter kvart. Nils var på Hareid og passa gutane, som ikkje var særlig begeistra for å få ei søster. Minstemann sin replikk då han fekk sjå henne, kjem til å bli hugsa. "Ho liknar no litt på ein bror", trøsta han seg med. Åra går og dei små blir store, men vi blir berre eldre.
Eirik, som er ca 7 veker eldre enn kusina, skal spele med bandet sitt, "Lommerosk", på operahuset på Eid i dag. Han har gått på "rocke-skule" der borte. Ja, eg kan ikkje anna enn å glede meg over at dei unge har så mange gode tilbod i vår tid. Håper dei set pris på det.
Eg trur at eg berre må kle godt på meg og ta ei runde rundt i nabolaget.
Sidan det er "Svenska flaggans dag" har eg pynta opp med flagget frå nabolandet. Og så har vi jo enda eit kongebryllaup å sjå fram til.Skal innrømme at i seinare tid har eg ikkje vore så flink å følge med på dei kongelige bryllaupa.

3 kommentarer:

solveig sa...

Eg skal leve opp til ryktet mitt og sjå heile bryllaupet!

Besta sa...

Eg kjem vel til å gløyme det, denne gongen også. Får vel leve opp til mutt rykte og ikkje sjå TV føre klokka 21.

arieldog sa...

Eg håpar mitt rykte tilseier at eg rettar masse laurdag, men det spørs om eg ikkje tjuvkikar litt på tv undervegs i sensuren.

 Klokka er no 21.02,temperaturen ute er +5 grader C og det regnar. Ikkje direkte julestemning, men greit nok for meg, eg slepp i alle fall å...