Vente, blinke er ein roman med fleire historier. Vi møter den unge og noko forknytte litteraturstudenten Sigrid og hennar skjelsettande møte med forfattaren Kåre, filmregissøren Linnea som skal på locationjakt i København, performancekunstnaren Trine som slit med mjølkespreng, og ikkje minst Viggo, nok ein litteraturstudent, som lengtar inderleg etter å høyre saman med nokon eller noko. Fiskehandlardattera Elida, filmprodusenten Robert og litteraturprofessoren Göran spelar også sine roller i denne bunten av skjelvande og tidvis desperate karakterar.
Gunnhild Øyehaugs roman er både brei og kompleks. Ho er ein leikande og sprelsk forfattar, og Vente, blinke er både humoristisk og djuptloddande. Dette er ein roman om drift og draumar, kvinner og menn, om kjærleik og om kva det vil seie å våge å vere seg sjølv.
Eg har "kjent" forfattaren sidan ho begynte i 1.klasse på Velle skule. Det vil seie, eg har visst kven ho er, fordi ho er dotter til ein kollega.Det gjer det litt spesielt å lese det ho skriv.
Denne boka er heilt ulik det meste av det eg har lese før, og eg veit ikkje korleis eg skal beskrive den, så eg får vise til det eg har henta frå nettet.
Eg begynte på boka fleire gonger før eg liksom fekk taket på den,men då likte eg den veldig godt.Eg har kosa meg med den, for her finst mykje å tenke på og mykje humor. For å vere heilt ærlig trur eg ein må ha ei litt spesiell interesse for litteratur for å få noko ut av den. Håper det ikkje høyrest "blærete" ut å seie det slik.Eg burde sikkert ha lese den fleire gonger, for her er mykje eg ikkje har fått med meg. Ein kan godt lese litt om gongen, fordi det eigentlig er fleire små fortellingar som ikkje alltid heng i hop.
At boka blir lesen av ei dame frå sørvestlandet, med skarre-r og det heile, er bra for meg. Hadde boka blitt lesen på Ørsta-dialekt hadde det blitt for nært.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar