Klokka nærmar seg 19.00, temperaturen på trappa er + 8 grader C, det er lettskya og fint.
I dag ville plutselig Nikon-kameraet mitt ta bilde igjen, så det vart ei lita runde rundt Storebakken med fotoapparat. ( "Big hill tour" -fann eg ut at eg kunne kalle ruta mi). På vegen møter eg alltid folk som luftar hundar, ofte eldre damer med bittesmå hundar. Eg likar store hundar best, men forstår dei som vil ha noko mindre å stelle med. Møtte to damer som eg kjende, deira hundar var ikkje av dei minste; den eine var ein krøllhåra schæfer, ein rase eg aldri har sett før. Han var rolig og fin. Den andre er eg ikkje sikker på , men trur det er ein slags terrier. Det artige var at hundane var veldig like i fargane.
Men eg er og blir eit kattemenneske, så då eg straks etter møtet med hundane trefte denne grønøygde katten, som poserte framfor kamera vart, eg heilt sjarmert.Har ein sterk mistanke om kven som eig han.Som de ser matchar han hundane i fargen.
Før middag i dag rydda eg vekk påskepynten og støvsuga. Til middag steikte eg sei, så no blir det frosen fisk neste gong. Etter middag måtte eg legge meg ei god stund på dagsenga og kvile ryggen, veit ikkje kvifor den slo seg vrang akkurat i dag.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar