KLokka er ca 20.30. Ute er det lettskya og fint vêr; temperaturen er +2 grader C. Her hos oss smeltar ikkje snøen noko særlig, og vi kunne i grunnen godt tenke oss at det vart litt mildare.
I dag har det ikkje skjedd noko særlig. Før middag var vi ein tur til Vik og handla litt. På Coop var det tilbod på lammekotelettar og fløte, så då vart menyen klar: Lammekotelettar med fløtegratinerte poteter. Nils gikk ei mosjonsrunde i skogen mens eg laga middag. Ikkje så mykje arbeid akkurat, men måtte VERE her i alle fall. Det vart ingen slankedag i dag, men vi et vanligvis relativt fornuftig.
Eg sovna som ein stein på sofaen med lydboka mi, og var knapt vaken då Margrete stakk innom for å hente ei bok. Etter eit par koppar kaffi kom det seg, og enda litt seinare fekk er tatt runda mi rundt Storebakken. Held på med ei bok som eg har vanskelig for å legge frå meg, så den blei med på turen.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 22.januar
Eg hadde akkurat lagt inn bildet og skulle sjå ut på termometeret, der stod Helge A. og han kom for å hjelpe meg med den nye printeren. Han ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
3 kommentarer:
Det er ein fordel med bok på øyret når ein går tu, meiner no eg!
Ja, særlig når ein går same runda ørten gongar.
Legg inn en kommentar