Klokka er 19.30, temperaturen + 4 grader C og vêret har vore strålande i heile dag. Det einaste eg ikkje likar er at det er så kaldt, særlig tidlig på dag. Men så er det fint å sjå ut glaset å møte synet på bildet over.
I dag skulle eg vere hos frisøren klokka 11.00, så det var ikkje vits i å sette i gang med så mykje før den tid. Då klokka var vel 10 ringde telefonen, og eg vart mint om eit møte eg skulle vere på. Kva tid? NO! Eg hadde ikkje gløymt møtet, men det var vore diverse mailar med endringar av tidspunkt, og så har eg rett og slett ikkje fått med meg det siste. Eg hatar å vere upresis og upålitelig, men i dag måtte dei greie seg utan meg, og det gikk heilt fint. Eg kom meg til frisør og fekk etablert sommarsveis og skikkelig kort hår. Nils køyrde meg halve vegen fram i Mosmarka, resten gikk eg.
Etterpå handla vi inn litt mat, og i dag kjøpte vi ein kylling på deling til middag. Det var ikkje den store smaksopplevinga, for å vere ærlig.
Etter middag har eg berre lata meg, låg lenge på altanen med lydbok, men så gikk eg ein skikkelig tur i kveld.Føler det som om eg har "skulka jobben" i dag. Nils har vore litt flinkare, for han har kløvt ved.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 25.juli
Bilen er komen heim Klokka er no 17.50, tewmperature3n ute er +15 graderC og det regnar. aeg har bala for å komme så langt at eg kan skrive ...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar