tirsdag, mars 12, 2013
Dagbok 2013: 12.mars
Klokka har passert 12.00, og eg har nettopp tatt bilde frå altanen. Det øvste bildet tok eg i 9-tida. Vêret har skifta litt på desse tre timane. No er det + 4 grader (+7 grader på trappa) ,opplett og litt sol. Tidlegare var det snøbyger. Nils har vore ute og mòka med hand, han trivst betre med det enn å køyre fresaren.No held han på å tømme altanen for snø.
Eg har stulla på inne , som vanlig; alltid noko å finne på. No har eg laga tidlig middag, sidan vi skal på pensjonistmøte med mykje god mat klokka 18.00. Har tenkt meg ei mosjonsrunde før den tid.
Eg skulle ønske vi hadde fått all denne fine snøen litt før, mens det var kaldt, no blir det vel berre opp i slaps.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar