Klokka er snart 18.30. Det har vore opplett og ganske bra vêr i dag, litt is på vegane, men temperaturen er +2 grader C no.
Har ikkje utretta så mykje i dag. Eg skulle møte på Kulturhuset til styremøte i pensjonistlaget klokka 12.00 og før det var vi på Amfi og handla litt. Trefte Harald mellom andre. Møtet vårt varte i ca 2 timar og så var det rett heim. I dag åt vi "krisemiddag" - grovbrød med sursild og hardkokte egg.
Nils sat som vanlig og drøymde om fiskeri. "Er det noko eg saknar no", sa han " så er det kokt,salta lange." Eg var heilt enig, for det er ein av dei mange livrettane mine. (Når Nils seier noko slikt, tyder det eigentlig at han har lyst å sette liner).
Vi hadde ikkje reist oss frå bordet før telefonen ringde. Det var Kjell, fiskekameraten til Nils. "Vil du ha ei kvitlange ????" var spørsmålet. Så no har vi lange til to måltid, minst.
Elles har eg lese ferdig den lange boka eg heldt på med, etter middag, mens eg strikkar lestar. Må strikke opp garnet eg kjøpte på tilbod.
Nils ser sport på TV-eg er ikkje interessert, synest berre det er MAS, men no skal eg inn på rommet "mitt" og rippe ei bok som vart med heim att frå biblio i dag.
(Bildet er tatt i 11-tida i dag).
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 23.januar
Frå altanen til Skåla i dag i 14-tida Klokka er no 18, temperaturen ute er minus 8 grader og det er ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
r.jpg)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar