tirsdag, januar 08, 2013
Dagbok 2013: 8.januar
Klokka er snart 18.00, temperaturen så vidt under 0 grader og det er mørkt ute.
På føremiddagen hadde vi eit nydelig vêr, og vi såg så vidt skinet av sola på stoveveggene.Eg var ute og tok fleire fine bilde både oppover mot fjellet og frå altanen. Vi var enige om at vi skulle gå ein tur når vi var ferdige å rydde ut jula etc. Men då klokka var 12.00 såg vi ikkje så langt som vi var lange til. Heile dalen var fylt av tett skodde. Har aldri sett maken. Skimta ikkje fjella ein gong. Det vart ingen tur! Men eg fekk bytta på sengene og vaska soverommet.
Nils tok seg av det elektriske i dag og eg bytta løperar og lys over alt m.m. så no er jula heilt slutt her.
I vår barndom vart jula avslutta med fetter John-Per sin fødselsdag 9.januar. I morgon fyller han 70 år.
Til middag i dag vart det steikt ball, det er vel også ein slags tradisjon,både på Sunnmøre og i Nordfjord, at ein steiker restane av ballen dagen etter.
Skulle ligge på sofaen og lese litt etterpå, har ein rygg som kjent, og somna så tung at det var vanskelig å komme til seg sjølv igjen.(Til vår unnskyldning kan eg seie at vi la oss seint i går, og stod relativt tidlig opp i dag.) Eg burde snart bli ferdig med den boka no! Så sette eg på vaskemaskina og tok ei skikkelig opprydding på kjøkkenet.
I morgon er det styremøte i pensjonistlaget, så no er det slutt på alt som heiter juleferie.Bilda er tatt ca kl.10.30.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar