søndag, januar 20, 2013

Dagbok 2013: 20.januar

Klokka har passert 17.00 og det er nokså mørkt ute. Vêret er framleis fint og kaldt, minus 6 grader no. Himmelen i vest er klar og vakker, men frå aust kjem det skyer. yr.no varslar enda fire dagar med sol og skyfri himmel. Heilt uverkelig, dette vêret.
I dag har eg ikkje vore ute for ei dør- ikkje Nils heller.Eg vaska håret på føremiddagen og måtte halde meg inne mens det tørka, og så gikk tida. Nils ser mykje på TV, men eg har gjort litt i huset og så begynte eg endelig på genseren eg skal strikke. Det var nesten så eg var nervøs for å starte opp, så lenge er det sidan eg strikka anna enn lestar.
Reknar med at Margrete og ungane kjem i morgon, så får eg kanskje litt fotorettleiing. Viss ikkje, så har eg ein nabo som stiller opp. I kveld har eg "Halvbroren " å sjå fram til, den serien er ei perle, så langt.

2 kommentarer:

solveig sa...

Eg r sikker på genseren blir fin!

Hildegard sa...

Eg hadde også angst då eg start på Mariusen til Kristine. Strikkemor foreslo at eg kunne strikke ermane først - og det gjorde eg.

Det er berre ei lita stund sidan eg tok dette bildet. No ser det ut til at vi skal få skikkeleg fint ver igjen, slik vi hadde søndag for ei ...