Klokka går mot 15.00. Ute er det klarvêr og fint, temperaturen er minus 6 grader.Den relative fuktigheita har gått ned til 65 % så det er ikkje så råkaldt lenger. Vi har eit hygrometer i garasjen, og i dag har eg sett meg litt inn i dette med luftfuktigheit, eller relativ luftfuktigheit, som eigentlig er det hygrometeret måler. Nokon fysikar har eg aldri vore, men litt forstod eg.
No har vi hatt sol og finevêr det meste av desember og mykje av januar, akkurat dei to månadane sola er vekke her hos oss. Eg burde vel ikkje seie det, men eg ville heller hatt sol om sommaren.
I dag f.m. gikk Nils ein tur, men eg orka ikkje å gå ut i kulden, så eg sat inne og strikka, las og fraus. Så tok eg meg sammen og kledde på meg ein ekstra genser m.m., og kokte ei varm suppe til middag . Nils fyrte meir i omnen , så no har eg det godt. Eg er ikkje vant til å sitte stille så tidlig på dag heller, men det var ingen ting eg MÅTTE gjere. Var så flittig i går!
Sidan vi åt så tidlig middag, kan det hende vi tek ein tur på ettermiddagen.Time will show.
Ønsker alle ei god helg. Hugsar kor herlig det var å sjå fram til to fridagar den tid eg var i jobb. No er kvar dag "en herlig feriedag"- for oss som navar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar