Klokka har passert 15.00. Det er + 10 grader ute, opplett og deilig vêr. Men har eg vore ute? Nei! Eg finn støtt noko å gjere inne, dessverre. Og no har det så vidt begynt å skymest også. Ja, eg var ut for døra i fem minutt og rydda litt i beddet ved garasjen. Då klokka var 14.00 kom sola fram ein augneblink og eg var ut og tok bilde. Men kva skjer? Eg får ikkje lagt dei inn på bloggen. Har prøvd tre nettlesarar, men det er det samme overalt, eg må kjøpe meg plass. Dette har skjedd mange gonger før, så det rettar seg vel denne gongen også.
Elles har eg støvsuga og rydda, lagt i hop klede etc.etc. og laga middag. I dag måtte eg koke graut for å få brukt opp all melka vi hadde hamstra. No er eg veldig mett og trøtt, så eg skal ha meg ein pause før eg finn på meir å styre med.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
1 kommentar:
Eg har kjøpt meg plass. Det kostar kanskje 15-20 kroner månaden. Først laga eg ny blogg, så fylte eg den og opp fort, sikkert med "store" bilde.
Legg inn en kommentar