Eigentlig har vi passert midnatt, men eg får skrive om dagen som er slutt. Vi vaksne og minstemann er enno oppe-han lurte seg til ein liten middagslur, så han er ovenpå.
I dag har vi hatt voldsomme regnbyger, men fine stunder innimellom. Men ikkje før hadde vi tenkt oss ut, så pøsa det ned igjen. Då det mørkna gikk eg tur med dei to største gutane, vi skulle ut og sjå etter månen, etter ein leksjon vi hadde hatt inne om månen, romskip og måneferder. Månen kom ikkje fram, men vi såg eit par stjerner. Og så lærte vi å telje årringar på tømmerstokkar. Så snart eg har ungar i rette alderen må eg liksom undervise litt. Lærarrolla ligg latent. Det kjekkaste med å undervise ungar er at ein lærer litt sjølv også. Mellombror har fått for seg at det er kjempevanskelig å komme seg til månen - i alle fall utan romskip.Så no har vi eit lite problem å løyse.
Rasmus og Minstebror gikk ein annan tur.
Temperaturen er no + 8 grader C . Håper på betre vêr i morgon, då skal Rasmus & fam. til Hareid ein tur.
Elles går dagane med mat og prat. I dag hadde vi fisk til middag og kake til dessert.
Minstemann stiller gjerne opp til fotografering!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar