lørdag, oktober 13, 2012

Klokka er 18.50, temperaturen ute er+ 3 grader C , inne nærmar den seg kokepunktet så lenge sola er oppe.Enda ein nydelig dag har vi fått.
I dag gjorde eg berre litt husarbeid før vi reiste til Vik. Vi hadde ærend på biblioteket, og diverse butikkar. Var ein tur opp i gågata, men der var knapt ei sjel å sjå. Slik går det når ein får store kjøpesenter. Men i regn, snø og slaps er det greitt å kunne handle inne.
Vel heime jobba eg i hagen ei stund, og så åt vi middag. Etter ei pause var vi ut att og fullførte hageprosjektet ,som var å klippe ned alle dei store staudene og få rusket i komposten. Vi greidde det før sola gikk ned. Det er fine dagar, berre synd at det frys om natta. Vi har lagt om til vinterhjul for sikkerheits skuld.
No skal eg snart sjå på danseprogrammet i TV, så får eg sjå Stjernekamp i reprise-om eg ikkje skal prøve å ta opp på boks, då.
Ønsker alle ei god og vakker helg.

3 kommentarer:

solveig sa...

Du må lære deg å ta opp på boks, så kan du sleppe å sjå reklame!

Besta sa...

Eg kan å ta opp på boks! I går hadde eg stilt programmet på opptak, men så hadde han Rasmus sett på opptak ein heil serie som eg ville slette. Etter at eg hadde sletta, fekk eg ikkje opp att programma-no står der at programoversikta er "ikke tilgjengelig". Dette har skjedd før også, så no må eg finne ut kva eg vidare skal gjere.

solveig sa...

Er det Riks-TV-boks?

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...