Klokka er 19.15, temperaturen ute er + 17 grader C og det er lettskya. Vi har hatt ein nydelig dag, opplett og fin temperatur. Vêret var som bestilt til prosjektet vårt, som er neste ferdig.
Vi starta dagen med å lage ei arbeidsteikning og ei innkjøpsliste, før vi tok turen til Furene på plantesenter og trelastlager. Kjøpte impregnerte fjøler til kantar, duk og bark til det området som ikkje skal vere plen. Prosjektet vårt er som eit framhald av naboen sitt, og vi er godt fornøgde med dagens arbeid. Det står att å klippe/ev. skjere bort den duken som er for mykje. Vi har helde på ute i heile dag, først no har vi ete middag. Det er sjølvsagt Nils som gjer mesteparten av arbeidet, men eg hjelper til det eg kan. Naboen kom ut og tok bilde av oss midt i kampens hete, og han hadde kopiert bilda på fint, glansa papir. Det tapte seg litt då eg scanna det.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 15.juli
Klokka er no 19.43, temperaturen ute er + 21 graderC. Sola skin som ho har gjort i heile dag, men tidleg på morgonen trur eg det hadde reg...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

1 kommentar:
Gratulerer med prosjektet!
Legg inn en kommentar