Etter at vi hadde installert oss på romma, og gått ein liten tur, var det tid for middag på Havkroa. Menyen var bestemt på førehand: Gratinert klippfisk. No er klippfisk om lag det einaste innan middagsmat eg ikkje likar, men som dei seier:"Svolten er den beste kokk". No var ikkje maten heilt topp tillaga. Den gratinerte klippfisken bestod av tynn, kvit saus, med lite fisk i. Og sidan Smøla er kjend for gulrøtene sine, kunne dei godt spandert eit par på deling. Til dessert fekk vi sjokolademousse og den var heilt OK. Kvelden var enno ung og sola stod høgt på himmelen, så vi gikk turar rundt på øya i det nydelige veret.
Etterpå sat vi ute eller gikk inn, alt ettersom. Nils og eg vart sittande ute i lag med Eli, men i 22-tida vart det litt kjølig, så då gjekk vi inn.
Då vi vakna neste morgon var det nokså skya, og det kom også litt regn. Det var felles frokost på Havkroa, klokka 10.00 kom den lokale gaiden, og det blei gatevandring rundt i sentrum. Han var eit funn! Innfødd veiholming, som visste alt som var verd å vite om øya og hadde mange artige histrier å fortelje. Kan dessverre ikkje greie å gjengi dei her.
Dette bildet er det Eli som har tatt. Han står her ved ei flaggstong, og fortalde at den ein gong berga livet til ein mann. Mannen stod tilfeldigvis akkurat her då det kom ei kjempebølge og slo innover land. Mannen tok tak rundt flaggstonga og heldt fast til båra drog seg tilbake.
Han kunne også fortelle at det hadde vore mange forlis i farvatna kring øyane, og at mange av nausta var oppbygde av vrakgods. Som til dømes dette.
Mange av husa på Veiholmen står tomme, og mange blir nytta til fritidshus for dei som eig dei. Dette huset er eit slikt fritidshus.
Det har vore mange slags arbeidsplassar på Veiholmen, ikkje berre fiskeri, men mellom anna bygging av ei god hamn og ein stor molo. Det var fristande for karane å stikke seg vekk litt av og til for ein pust i bakken, og då var dette ein ynda plass. Det er slik den har fått namnet sitt.
Eit monument av fiskarkjerringa høyrer med på ein slik stad. Ho som passa hus og heim mens mannen var borte.
Og så kan det no vere greitt å vite at her har vore fint folk før.
2 kommentarer:
Fin reiseskildring.Klippfisken bør vel vere "naturell",dvs utvatna,kokt og med eggesmør og kokte poteter og gulrot til.Det er noko av det beste eg veit.Dessverre blir vel beste klippfisken sendt til utlandet og den vi får tak i er dyr. Slik du beskriv retten, lurte eg på om den var ein slags plukkfisk de fekk...
Eidabesta
Nei, det skulle vere ein slags grateng, men sausen var altfor tynn, og osten låg og flaut. Eg likar ikkje klippfisk noko særlig---anna enn i bacalao, som eg elskar.
Eg har ete klippfiskgrateng i Geiranger, på Union hotell der, den var som ein fast fiskegrateng, som dei skar opp i stykke.
Elles anbefaler eg turen til Veiholmen på det varmaste. Skal sende plan over turen, men vi køyrde omvendt, slik at vi hadde Atlanterhavsvegen på heimturen.
Legg inn en kommentar