Klokka er no 12.15. Bildet er tatt for ca 1/2 time sidan, då lava snøen ned. No er sola framme, og ein ser litt lysare på livet. Temperaturen er ca +5 grader C. Vi får håpe dette er den aller siste smaken av vinter før sommaren kjem.
Vi har vore mykje på rek denne veka, så eg tok eit tak i huset i dag, mens Nils ryddar i tilbygg og garasje. Fælt kor mykje rot som samlar seg opp-enda eg synest vi er ganske flinke å kaste også. Det kan hende vi tek oss ein liten tur på butikken, for å komme oss ut litt. Å går tur fristar ikkje mykje.
I morgon har vi tenkt oss til Kilsfjord kyrkje, sidan Eirik skal konfirmerast. Feiringa elles har vi gjort unna på førehand.Nils er klar til å legge på vinterhjula enda ein gong om det skulle bli behov for det.
Såg bilde frå Leikong på Bjørg sin blogg, der var det ganske mykje snø som låg på marka, enda det er nærmare kysten enn her.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2024: 14.november
Klokka er no15.43, temperaturen ute er + 8 graderC, og det er åt å mørkne aldri så lite. Då eg køyrde til treninga i dag, var det litt sol, ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no16.42, temperaturen ute er +24 grader, Det har vore ein fin dag, og den vart finare etter kvart. Bildet over tok eg på føremidda...
-
Klokka er no17.14, temperaturen ute er + 16 grader,det er mest overskya men opplett og fint ver å gå tur i. Eg kom nettopp att frå ein tur p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar