lørdag, april 28, 2012

Vermelding 28.april 2012

Klokka er 12.00. Ute snør det trollkjerringar og det har det gjort heilt sidan eg stod opp. Vi sit her og ventar på at snøen skal smelte, slik at vi kan fare nedover og handle etc. Nils har lagt på sommarhjul for andre gong, så eg synest han må sleppe å skifte enda ein gong. Det er + 1grad C ute, så det ser svart ut-eller eigentlig kvitt ! Altfor kvitt !
Det var det første irritasjonsmomentet i dag, og så kom avisa UTAN referatet mitt ! Inga stor sak akkurat, men eg hadde skrive og opplyst om at " Den gylne spaserstokk" startar opp att komande onsdag, heldigvis hadde andre sett inn annonse.
Lurer på korleis det går med Margrete som skulle til Ulsteinvik i lag med ei veninne i dag.
Så er det også premiere på ballettshowet  i dag, men dit skal vi først i morgon.
Eg synest ikkje det er så sjarmerande med kvite marker på denne årstida, men ein av vennane mine på FB syntest det var positivt at vi fekk enda ein vår. SÅ positiv er ikkje eg.Eg VIL ha lov til å vere lettare irritert.

1 kommentar:

Hildegard sa...

Litt av ein kontrast på bilda frå i går og i dag.Fælt ver her i natt, blåsing og mykje regn, men snø berre litt ned i fjellet. God helg!

Dagbok 2024: 25.november

 Klokka er no20.05, temperaturen ute på trappa er + 8 grader, så no smeltar snøen, men det tek si tid med dei store haugane. Eg har berre så...