Klokka er 19.30 og veret er strålande. Det var ganske skya frå morgonen att, men så vart det finare og finare.Vi har nettopp hatt ei stund på altanen, men måtte gå inn før det blei kaldt. No er temperaturen på trappa + 10 grader.
I dag har vi hatt besøk av Margrete og alle fire ungane, ikkje alle like lenge. Jentene var på ballettøving frå klokka 14-17, Eirik kom att frå Ålesund i 17-tida, Berre Margrete og Erlend var her heile tida-og guten var for det meste på datarommet.
Eg laga ei stor panne med ertersuppe/kjøttsuppe til middag og baka eit focaccabrød til. Det er grei mat når ikkje allekjem til samme tid.
Minstemann kom ikkje med på bilda i dag, sidan han var i eit anna rom.
Det blei ikkje til at Nils fekk botnsmørje båten; det viste seg at han må ha +15 grader før han kan ha på smurninga, og det får vi vel ikkje på lenge enno. Så det blir vel til at han set båten ut att utan smurning.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Klokka er no 17.16, temperaturen ute er minus 2 grader, før i dag har vi hatt varmegrader og berre vegar. Eg var på trening i dag og etter ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
-
Klokka er no 17.18, temperaturen ute er + 4 grader det er nokre snøflukser på veg ned, men det har ikkje snødd så veldig mykje i dag. Naboen...
2 kommentarer:
Tusen takk for at vi fekk vente hos dykk - det vart ei helg med svært mykje oppfølgjing av storesøskena. Og takk for nydeleg suppe - eg kom i skade for å omtale den som brennsnut, men det heiter kanskje ikkje det når det er erter i?
Vi kallar det ertersuppe, men skilnaden er heller liten.Vi har rikelig til middag i dag også, og det var greitt, såå fekk vi vere ute i hagen og "jobbe" før middag.
Legg inn en kommentar