lørdag, januar 28, 2012

Vermelding 28.januar - 2012


Klokka er no ca 19.30. Temperaturen ute er minus 2 grader. I dag har det vore lettskya, ganske fint ver.
Vi reiste utover til Hareid i 12 tida, og var hos Solveig før klokka 13.00. Ikkje lenge etter kom Margrete og ungane. Vi feira Håkon som vart myndig for ti dagar sidan. Det var berre seks av barnebarna våre til stades i dag, så flokken var ikkje så stor som den ofte har vore.
Eg har sjølvsagt ikkje fått alle inn på eitt bilde, så eg måtte legge inn to, og enda får eg ikkje med Erlend. Men han var der, han også. Håkon er guten i kvitt. Elles har Solveig skrive meir om treffet på sin blogg. Vi fekk som vanlig god mat, og som vanlig hadde vi tusen ting å prate om. Takk til Solveig og Øystein m.fl. for ein fin dag.

2 kommentarer:

solveig sa...

Takk for besøket! Eg sit og lurer på om eg vert svolten att i kveld ...

Besta sa...

Vi blei litt saltsjuke og gikk løs på spekepølsa. Er ikkje van med så mykje søtt.

Dagbok 2024: 22.april

No er klokka blitt 16.35 utan at det har hendt så mykje. Det mest dramatiske som har skjedd er at eg har prøvd å slette alle bilda mine på P...