mandag, januar 02, 2012

Vermelding 2. januar - 2012

Klokka har passert 14.00, det er overskya, opphaldsver og +4 grader C.
Så var vi tilbake til kvardagen, og det likar eg i grunnen best, særlig sidan vi kan halde fram med å ha "ferie" resten av året også.
Føremiddagen i dag gikk mykje med til telefonsamtalar og datainnlegg av ymse slag. Vi driv og skal seie opp andre avtalar for telefon, data og TV, sidan vi etter kvart går over til Tussa fiber. Det er eit heilt puslespel å få alt på plass. Er spent på korleis overgangen blir. Det flyt med skjema over alt i heimen. Til slutt måtte vi bort på Tussa-kontoret så Nils fekk snakke med dei ansikt til ansikt, etter å ha site i det uendelige i telefonen og høyrt på musikk. Eg nytta høvet til å stikke innom El-kjøp og sikre meg batteri til radioen i tilfelle lyset skulle gå igjen. Ja, og så kjøpte vi kaffi sjølvsagt - "Løfbergs lila".
Då var det i grunnen ikkje så langt igjen til Volda, så det blei ein tur dit. Eg synest alle genserane mine er for kalde, med unntak av ein lilla som eg kjøpte sist haust. Var innom Møre Konfeksjon for å sjå om dei hadde varme genserar på sal. Kjøpte faktisk ein til same sort som eg hadde, men i ein annan farge. For den første betalte eg 699kr for den andre 299kr. Ikkje lurt å kjøpe klede før jul.
Hadde tenkt meg innom Plantasjen; der var stengt på grunn av vareteljing, men vi var inn på Coop sidan vi første var der borte. Fann no såpass opp i korga at det var skamlaust.
Over alt der vi ferdast, ser vi tre som har brotna eller knekt. Rart det ikkje har gått verre når eg ser kor mange det er som har store tre nær husa sine. Naboen vår har ein nokså stor sypress som han vil ta bort, det er den de ser på bildet.
No skal vi ete middag, det blir restar frå nyttårsafta i dag.
Elles har eg gitt meg i kast med ei bok som eg trur kjem til å ta tid: "Gravlunden i Praha" - av Umberto Eco. Ikkje alle bøker passar like godt som lydbok, men eg har i alle fall kome gjennom dei to første platene av 12.

3 kommentarer:

solveig sa...

Vi var og på sal i dag. Olaug fekk seg klede som ho ønste seg til jul, i dag til halv pris. Skulen har ikkje starta opp før julegåvene har kome på sal.

Besta sa...

Eg trøsta meg med at eg hadde brukt den lilla genseren fleire gonger, så vart det ikkje så surt at den var sett ned 400 kr. Rasmus skulle kjøpe støvsuger for pengane han fekk, men venta, og no kom den på sal. Butikkjedane larar ris til eigen bak. Eller er det ikkje vi som betaler????Eigentlig.

solveig sa...

Jau, og på Cubus la dei fram nye,store haugar med såkalla tilbodsklede.
Vanlege butikkar ventar vel litt med sal. Eg har brukt kjolen min ved 4-5 høve, og når den kjem på sal, så er det greit.

Dagbok 2024: torsdag18.april

   Det er nokre år sidan dette bildet vart tatt på Hareid, med alle barnebarna i samme sofa Klokka er no16.56, temperaturen ute er + 10 grad...