onsdag, januar 18, 2012

Vermelding 18.januar - 2012

Klokka har passert 14.00. Ute er det regn og grått. Flaks at sola kom ein dag for tidlig, så fekk vi sett snurten av den. Temperaturen er + 5 grader C.
I dag kom eg meg opp av senga i skikkelig tid, såpass det vart litt ut av føremiddagen.
I dag har eg laga blandaball av sei, så eg kallar denne dagen "3. seidag". Det var kjempegodt etter vår smak. Verken Nils eller eg er vant til denne rekken, men har fått smaken på den på eldre dagar. Eg laga av 1 kilo fisk, og då ha vi tre store middagar. Viss nokon vil vite oppskrifta, finn de den på Solveig sin blogg under etiketten "middag".
Mens ballen koka, fekk eg støvsuga på stova.
I dag fekk eg melding frå biblioteket om at "Min kamp 6" var komen -på MP3 -plate. Eg har sjekka, og funne ut at eg ikkje kan spele av MP3-plater verken på datamaskina eller på CD-spelar/ radioen. Lyt grave fram att den kasserte Walkmannen, og sjå om eg får den i gang.Der har eg spelt MP-3 plater før.
Det er stor usikkerheit i lydbokbransjen om kva format dei skal satse på ser det ut til. Og brått er det noko heilt nytt som kjem på markedet og då er alt anna gammaldags.
No hører eg at Nils har falle ut, så eg få legge meg på sofaen med lydbok og vere stille som mus.

2 kommentarer:

solveig sa...

Har du ikkje MP3-spelar? Der kan du legge inn plata, men den spelar heile, så den egnar seg ikkje til sengelektyre!

Besta sa...

Eg har MP 3-spelar, men den virkar ikkje.Det er walkmannen som er MP3-spelaren min. Har spelt slike plater på den før. Men no virkar den ikkje lenger. Fann den til slutt i den vesle ryggsekken, der har den lagt sidan august månad, då vi var til Kongsberg.