lørdag, desember 31, 2011

Bok nr.72 - 2011: Tredve dager i Sandefjord.

Tordis er dramatikar, ho skriv for scena, har gått på Universitetet og studert. Ho er kanskje litt snobbete, og litt åndssnobb. Men ho er ikkje alltid like lur, og ho har eit lite alkoholproblem. Ein kveld tek ho bilen til kiosken for å kjøpe røyk, enda ho eigentlig ikkje røyker, og blir blanda inn i ei bilulykke. Det viser seg at ho har svært høg promille. Ho misser sertifikatet for tre år, må betale bot, og i tillegg sone 30 dagar i eit kvinnefengsel i Sandefjord.
Fengselet har såkalla open soning, og dei som er der, sit inne for mindre brotsverk. Dei får gå relativt fritt innafor området, dei strikkar og syr, vaskar og lagar mat. Her kjem Tordis i lag med folk som har ein heilt annan bakgrunn enn ho sjølv, dei fleste er narkomane.
Eg hadde ikkje store forventningar til denne boka, men faktisk likte eg den godt.Den er lettlesen og enkel, men ikkje banal. Forfattaren skildrar livet i fengselet med både humor, ironi og lett samfunnskritikk. Personane blir skildra med varme og forståing. Det mest interessante er likevel dei tankane og refleksjonane ho gjer seg sjølv. Tankar som eg også godt kunne ha tenkt. Sidan hovudpesonen heiter Tordis og er forfattar, og sidan ho drøymer om ein skada hjort i siste kapittel i boka, lurer eg sterkt på om ikkje dette i bunn og grunn er sjølvopplevd.
Les gjerne denne boka.
Frå nettet:For to år siden ble forfatteren Vigdis Hjort tatt for fyllekjøring. Hun hadde 2,2 i promille, noe som kostet dyrt. Hun fikk en bot på 50.000,- og ble i dømt 30 dager i fengsel. Soningen foregikk i Sandefjord, og Vigdis Hjort har – nesten som vanlig – flettet erfaringene inn i en bok.

2 kommentarer:

Elin sa...

Kjekt du likte boka. Eg las henne etter Snakk til meg, og då blei det ein liten nedtur. Men eg er einig i refleksjonane dine.
Godt nytt år!

Besta sa...

Har ikkje lese"Snakk med meg" enno, men Solveig skrytte av den.
Når det gjeld bøker, så har opplevinga mykje med forventningane å gjere. Forventar ein for mykje blir ein skuffa og omvendt.
Men det var lett å tenke seg inn i situasjonen-det å bli plassert i eit heilt framandt miljø.

DAGBOK 2024: 19. APRIL

  Dette bildet er eit par veker gammalt, eg har ikkje fått orden på bildebruken enno. Klokka er no 17.20, temperaturen ute er+8 grader, det ...