Klokka er snart 14.00, og Nils driv og varmar opp att fårikålrestar frå i går. På yr.no står det at det skal vere litt sol og opplett i dag, men det veret har vi ikkje sett til denne tid. Derimot har det vore voldsomme regnbyger og til dels vind. Temperaturen ligg på + 7 grader C.
Men neste veke skal det bli sol og sommar. Det trur eg meir på, for tysdag er det Seniorkino, og då plar det alltid skine opp.
Vi har så mykje som skulle ha vore gjort ute, så vi treng opphaldsver. Eg har m.a. kjøpt tulipanløkar som skal i jorda utan å rotne opp i væte.
I dag hadde vi ikkje noko spesielt på programmet, men det er alltid noko å ta fatt i for dei som vil, så eg nytta litt av dagen til vasking av diverse skap på kjøkkenet. Så fann eg ut, etter inspirasjon frå Solveig, at eg skulle prøve å ta i bruk brødmaskina igjen, etter at den har fått kvilt seg i lange periodar. Vi tok den opp frå kjellaren, og gav den ein skikkelig "make-over", og så laga vi til ingrediensar til eit brød. Nils har brukt maskina somme tidar, men eg har nesten aldri tatt i den, så no spørs det om eg blir hekta? To be continued........Klokka 19.00: Det vart til at det skein opp etter kvart, og Nils tok ein tur ut for å sjå til båten.Eg nytta høvet til å strikke på ein lest mens eg las i boka mi. Trudde eg skulle bli ferdig med den mens eg var heime åleine, men då eg hadde lese ut plata, oppdaga eg at der var to til ..
Brødet som vi laga på maskina vart ganske mislykka, enda vi hadde følgt oppskrifta til punkt og prikke. Det er vel ein grunn til at vi ikkje har brukt den så mykje?
1 kommentar:
Du kan no eksperimentere deg fra til eit grovt rugbrød a la Ingers, Olaugs brød. Tips: Egg er in i brød for tida, og gjer at du kan bake grovare og det heng i hop.
Legg inn en kommentar