Kan ikkje seie akkurat kor gammal Rasmus er på bildet, men han er i alle fall tenåring. Har ein mistanke om at det er Solveig som har tatt bildet og framkalla det sjølv, den tida ho hadde mørkerom i kjellaren her. De får rette på meg om eg tek feil.
No er Rasmus såpass langt vekke at det er ikkje ofte vi har fått vore i lag og feira fødselsdagane hans i seinare år.Før han flytta til Kongsberg budde han i Honningsvåg i mange år, og då var vegen enda lenger. Heldigvis har han svigerfamilie i Kongsberg, så det blir kanskje litt feiring med dei.
Vi ønsker i alle fall til lykke med dagen!
Vi gratulerer også Rasmus Torvik med dagen! Han fylte 21 år den dagen VÅR Rasmus vart fødd.
Dette bildet er frå haustferien i år. Minstemann er ikkje heilt i form.
2 kommentarer:
Eg trur bildet må vere frå då Rasmus gjekk 2. klassa i Volda. Han var vel omtrent på Håkon sin alder.
Vi gratulerer også!
Legg inn en kommentar