No har vi vore på elevkonsert på Eben Eser i Volda. Det var berre Amanda av "våre" som var i elden i dag. Ho hadde eit solonummer på kornetten sin, men med akkompagnement på gitar av gitarlæraren til Eirik.Stykket ho spela var Yesterday.
No når eg ikkje jobbar med born lenger, synest eg det er veldig kjekt å sjå kva dei får til, både lærarane og elevane.Og få veit betre enn ein gammal lærar kva arbeid som ligg bak prestasjonane. Noko som eg synest er veldig bra, er at lærarane ofte spelar i lag med borna; på den måten læt det betre, og små feil blir kamuflert.Amanda var sjølvsagt flink, det er ho alltid, og musikkstykket henner er ikkje av dei lettaste. Etterpå fortalde ho at ho hadde vore litt nervøs, for ho fekk hikke. Kanskje ikkje så enkelt når ein skal spele blåseinstrument?
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Tysdag 21.juli
Klokka er no 23.45. Temperauren ute er + 10 grader C og vi ha hatt ein fin dag,med sol. I dag hadde vi lagt opp til ein dag med mykje arbe...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar