Klokka er 18.40. Temperaturen er + 20 graader og det har han vore lenge. Det er lettskya og litt sol innimellom.
I dag har Margrete og ungane vore her. Jentene var på ballett frå kl.12-15, så det vart ikkje middag før etter at dei var ferdige. I dag serverte eg ei lammesteik som var innkjøpt til påske, men så blei den ikkje brukt då.
Etter at gjestane var reist, la eg meg ut på altanen ei stund.Les Hans Olav Lahlum sin krimroman "Menneskefluene" for tida.
No skal eg rydde opp litt før det blir TV-titting resten av kvelden. Det var deilig med skikkelig sommartemperatur.
1 kommentar:
Kjekt at det vart fint og varmt ver igjen. Regnet i natt gjorde godt for plen og plantar.
Legg inn en kommentar