No har eg lese ferdig novellesamlinga til Øystein. Det er med vilje eg har brukt lang tid. Det er med noveller som med dikt, ein treng tenkepausar innimellom.
Eg kan ikkje skrive all verda om boka, men ein ting vil eg seie: Dette er etter mitt syn det beste Øystein har skrive til no.Novellene om desse personane som av ein eller annan grunn fell utanfor i samfunnet er veldig gripande. Men ikkje berre triste, dei er slik at ein kan le med eine auga og gråte med det andre. Var det ikkje Vinje som sa det? Språket er fantastisk.
Å velje ut ein favoritt er vanskelig, men eg landar på "Jonni Støa, ferjematros". Kanskje fordi eg fekk høyre Øystein sjølv lese den på Kaffi-Kari. Eg har allereide skrive til ein forlagsredaktør i Samlaget som eg kjenne, og bede om at Øystein må få lese inn denne boka på CD-ar. Det er noko heilt spesielt å høyre forfattaren lese på rette dialekten.
Dei som vil vite meir om boka, kan søke på nettet, det har vore skrive mykje om den i avisene siste tida.
1 kommentar:
Eg ser fram til å lese novellene.
Legg inn en kommentar