Den svenske pensjonisten hoppar ut vinduet på rommet sitt på aldersheimen og det på sjølvaste hundreårsdagen . Dermed startar den reinaste "road-movie-en", med tjuveri, mord, nye venner og uvenner. Men Allan Karlsson har vore ute i hardt ver før.Det får vi høyre om i den parallelle historia om Allans liv.Det viser seg nemlig at han har vore verda rundt meir enn ein gong, og han har vore til stades der ting skjedde. Vi får såleis ein repetisjon av heile verdshistoria frå og med den spanske borgarkrigen og fram til vår tid. Allan har meir enn ein gong vore i store vanskar, men kome seg unna ved å bruke fantasien sin og ved å snu kappa etter vinden.Han er dessutan spesialist på sprengstoff, noko som gjer han populær både i aust og vest.
Det er ei utrulig fantasifull bok, den blir samanlikna både med eventyra til Baron von Munchhausen og Don Quixote. For eigen del vil eg også legge til bøkene til Aarto Paasilinna. Og boka ER morsom, eg mora meg stort, særlig over ironien. Men eit lite MEN er der-for meg blei det liksom too much.Boka er på 12CD-ar og Trond Brænne les veldig godt.
Eg ser meg ikkje syn med å skrive så mykje om handlinga i boka, men les omslaget og slå opp linken på internett.
Eg ser meg ikkje syn med å skrive så mykje om handlinga i boka, men les omslaget og slå opp linken på internett.
Les om boka her: http://www.leserglede.com/wordpress/hundrearingen-som-klatret-ut-gjennom-vinduet-og-forsvant-jonas-jonasson/
3 kommentarer:
Denne MÅ eg lese!
Eg kan la vere å levere den tilbake, så kan du få den t.d. på mandag?
God plan!
Legg inn en kommentar