Klokka er 13.00. Temperaturen ute er + 6 grader C, og det er strålande sol. Dette fineveret kom litt bardus på meg, elles hadde eg kanskje hatt ein plan. Slik det no vart, starta eg dagen med å lage ein porsjon fiskekaker av hysa som Nils fekk på laurdag. Så vart det ei lita handlerunde, først på Amfi og så til Felleskjøpet på Rystelandet. Sidan eg var på andre sida av fjorden, passa eg på å ta eit bilde av solsida derifrå.Vi bur rett nedanfor "sukkertoppen" midt i bildet.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Dagbok 2026: 14.juli
Klokka er no18.15, temperaturen ute er +18 graderC og det er sol og litt vind. Vi har hatt ein fin dag. Eg var ikkje heilt i form då eg stod...
-
Klokka har passert 20.00. Vêret er som før, klårt og kaldt. Akkurat no er temperaturen minus 13 grader C. Jupiter er stor og klar i aust. ...
-
No har vi rikelig makrell til oss sjølve, enda om diverse naboar har fått sitt. Makrellen kan vi steike, men best likar vi den kald, kokt me...
3 kommentarer:
Reine postkortet! Finare vert det vel ikkje i Ørsta.
Stemningsfullt bilde.
Det Nils bemerkar både når han ser mine og Margrete sine bilde er:Sjå kor stilt det er på sjøen! Ja, ein har kvar sine interesser.
Legg inn en kommentar